Videregående opplæring inn i den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken skal gradvis utvides til også å omfatte den vidaregående skole. Dette er et av forslagene i stortingsmelding nr. 8 (2007-2008) Kulturell skolesekk for framtiden som ble lagt frem i statsråd fredag.

Pressemelding fra kultur og kirkeminister:

«Vi vil leggje til rette for at 180 000 nye elevar skal få kulturtilbod i skuletida. Dette kjem i tillegg til dei om lag 620 000 elevane i grunnskulen som alt no får tilbod gjennom Den kulturelle skulesekken, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. – Målet er at utvidinga til vidaregåande skule skal fasast inn over ein treårs-periode, seier kulturministeren.

I 2007 er det sett i gong pilotprosjekt i Vest-Agder, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland og Troms. Regjeringa legg opp til at fylkeskommunane får ansvaret for den utvida satsinga.

– Fylkeskommunane vil få fleire spelemidlar for å utvide Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring. Samstundes skal det fasast inn midlar til Den kulturelle skulesekken over statsbudsjettet, seier statsråd Giske.

Stortingsmeldinga tek også til orde for at nasjonale kulturaktørar skal få ei klarare rolle og ansvar for å koordinere, drive nettverksarbeid og arbeide for å auke kvaliteten i dei ulike tilboda.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.